Aktuelt
Kunstig intelligens til sortering av urinprøvar
Av Heidi Strand
Medisinsk mikrobiologi på Haugesund sjukehus har teke i bruk kunstig intelligens (KI) i avlesing av urinprøvar. Ved hjelp av predefinerte reglar, bildeanalyse og LIS-data sorterer programmet Phenomatrix urinprøvane etter blant anna farge og storleik på bakteriekoloniane, og estimert mengde av bakteriar. Prøvane blir sortert i kategoriar og underkategoriar, og må sjekkast av bioingeniør før dei går vidare med analyser.
I fjor gjekk dei tilsette ved laben gjennom 3000 prøvar i demoversjonen av programmet, og utførde risikovurderingar, avgrensingar og tiltak. Deretter blei programvara tatt i bruk, og dei tilsette fekk opplæring i å bruke det.
Tiril Knutsen er funksjonsleiar og bioingeniør ved laboratorium for medisinsk mikrobiologi på Haugesund sjukehus. Ho fortel til helse-fonna.no at ho synest det er stas å vere blant dei første til å bruke KI til urinprøvar.
Erfaringane fram til no har vore positive, og Knutsen fortel at KI gjer at analysejobben blir sikrare og meir effektiv.
- Vi er godt nøgde, og det er utruleg spennande å jobbe med KI. Før jobba vi meir manuelt, men no kan vi eigentleg kalle det digital mikrobiologi, fortel Knutsen til helse-fonna.no.
Ho fortel at programvara kan sortere feil, og det er deira ansvar å oppdage. Då er det viktig å ha kartlagt og kjenne til avgrensingar i programmet.
Det er ein ny avtale mellom Helse Vest og Sectra som gjer sjukehusa tilgang på fleire KI-verktøy. Blant anna skal det testast KI-programvare til å vurdere bilete etter mammografiscreening, lungerøntgen og ved spørsmål om beinbrot.