Valg i BFI

Synne Karina Mårstøl stiller til vervet som medlem av BFIs fagstyre.

Synne Karina Mårstøl:

Eg vil jobbe for betre nasjonalt samarbeid og fagleg kommunikasjon. I dag er variasjonane i gjeremåtar like store som talet på institusjonar.

Publisert Sist oppdatert

Synne Karina Mårstøl

  • Stiller til verv som: Medlem av fagstyret
  • Alder: 27 år
  • Arbeidssted: LKB – Barneklinikken, Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus
  • Stillingstittel: Bioingeniør

Karriera mi starta i eit vikariat ved Laboratorium for Klinisk Biokjemi - Barneklinikken i 2013, og eg har i dag fast stilling der.

Sjølv om eg er det ein kan kalle relativt «fersk i faget», har eg ikkje latt det stå i vegen for å ta på meg ulike oppgåver og verv.

Eg har vore BFI-kontakt sidan 2014, vore medlem av forhandlingsutvalet NITO Helse Bergen sidan 2015, og skal i haust ha opplæring i internrevisjon. I perioden 2014-2016 var eg medforfattar av kunnskapsbaserte retningslinjer i blodprøvetaking, kapillært og venøst.

Eg er ei som likar å ha mange jern i elden, og føler vi er heldige som kan dra nytte av eit breitt og variert bioingeniørfag. Blir eg valt inn i fagstyret vil eg jobbe for betre nasjonalt samarbeid og fagleg kommunikasjon. I dag er variasjonane i gjeremåtar like store som talet på institusjonar. Nokre land har nasjonale prosedyrar og retningslinjer. Er det nyttig, og kan det gjennomførast?

Dette og mange andre spørjemål håpar eg å finne svaret på.

Videreutdanning:

Evaluering, kvalitetsovervåking og tolking av biokjemiske analyser ved Universitetet i Bergen.

Relevante verv:

BFI-kontakt sidan 2014, og frå hausten 2016 medlem av Internrevisjonen. Medlem i forhandlingsutvalet NITO Helse Bergen sidan 2015.

Powered by Labrador CMS