FAG resymé
Ingen kvalitetsendring i platekonsentrat frå aferese ved 21 dagar kaldlagring
Ein studie utført ved avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Haukeland universitetssjukehus, visar at platekonsentrat frå aferese ikkje blir påverka negativt av kaldlagring opp til 21 dagar, samanlikna med normal romtemperaturlagring fram til dag 7. Forseinka kaldlagring på dag 7 fører derimot til nedsett kvalitet og funksjon.
Av HANNE BRAATHEN, bioingeniør, forskar, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Haukeland universitetssjukehus
Den korte lagringstida til platekonsentrat fører til høg kassasjon og logistikkutfordringar for blodbankar. Dersom platekonsentrat tiltenkt blødande pasientar kan lagrast i kjøleskap vil det gje utvida haldbarheit samanlikna med romtemperaturlagring. Ein australsk studie har vist at forseinka kaldlagring på dag fire gir tilsvarande kvalitet som kaldlagring på dag ein. Studien vår hadde som mål å samanlikna kvalitet og funksjon in vitro hos blodplater i aferesekonsentrat lagra kaldt eller forseinka kaldt.
Metode
Ti doble aferesekonsentrat (Trima, Terumo BCT) av blodplater i 37 % plasma og 63 % PAS-IIIM (T-PAS+, Terumo BCT) blei fordelt i to grupper. Ein blei fordelt til ikkje-agitert lagring ved 2-6 °C (KL) i 21 dagar, den andre til forseinka kaldlagring (FKL) med sju dagar agitert lagring ved 20-24 °C (PF96i, Helmer Scientific), følgt av ikkje-agitert lagring ved 2-6 °C (IHB120, Helmer Scientific) i 14 påfølgjande dagar. Platetal, metabolisme, viskoelastiske eigenskapar og aggregeringsevne blei målt på dag 1, 7, 14 og 21.
Resultat
Alle platekonsentrata, både i KL- og FKL-gruppa, hadde godkjende kvalitetsmål i heile lagringsperioden, ifølgje europeiske retningslinjer. Swirling var derimot ikkje synleg etter kaldlagring, noko som skuldast formendring. Dei viskoelastiske eigenskapane målt med tromboelastografi (TEG 5000, Haemonetics Corporation) viste at KL-gruppa raskare danna sterke koagel i hele lagringsperioden. Samstundes viste det seg at kaldlagring forseinkar metabolismen. Dette kom fram i høgare glukose- og lågare laktatkonsentrasjon i KL-gruppa samanlikna med FKL-gruppa i lagringsperioden. Sjølv etter forseinka kaldlagring dag 7, hadde FKL-gruppa høgare metabolisme, vist med eit høgare forbruk av glukose, enn KL-gruppa. Den høge metabolismen førte til at ingen av posane i FKL-gruppa hadde målbar glukose på dag 21.
Konklusjon
Umiddelbar kaldlagring av platekonsentrat forbetrar platefunksjonen. Ei forseinka kaldlagring på utdateringsdagen bevarer ikkje kvaliteten. Fleire studiar som undersøkjer kliniske effektar av kaldlagring er anbefala.
Studien vår visar likevel at det er mogleg å innføra eit uagitert kaldlager av platekonsentrat frå aferese som eit beredskapslager til blødande pasientar. Kaldlagring var rutine før, men det er så lenge sidan at platekonsentrat knapt var i bruk i Noreg før romtemperert lagring overtok. Me går soleis tilbake til fortida i blodbankane.
Nyleg fekk South Texas Blood & Tissue Center i Texas, USA, FDA-godkjenning for kaldlagra blodplatekonsentrat inntil 14 dagar, delvis grunna studiane me har gjort i Bergen.
Originalartikkel
- Braathen H, Sivertsen J, Lunde THF, Kristoffersen EK, Assmus J, Hervig TA, et al. In vitro quality and platelet function of cold and delayed cold storage of apheresis platelet concentrates in platelet additive solution for 21 days. Transfusion. 2019;59(8):2652-61.