FAG Doktorgrad

Molekylære markørar i analkreft og tjukk- og endetarmskreft

Ikkje alle kreftpasientar har god effekt av behandlinga dei får, og kor aggressiv kreften er varierer mellom pasientar. Markørar som kan fortelje noko om kor fort svulsten vil vekse og spreie seg, eller om pasienten vil ha nytte av ei gitt behandling, vil difor vere til stor hjelp i kreftomsorga.

Mette Pernille Myklebust

Mette Pernille Myklebust disputerte 10. desember 2012 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Molecular markers of anal cancer and colorectal cancer. A study of microRNAs, desmosomal cadherins and cyclin D1 isoforms”.

Utdanna bioningeniør ved Høgskolen i Bergen i 2000 og tok mastereksamen i molekylærbiologi ved Universitet i Bergen i 2005.

Forskningsarbeidet har vore utført ved Seksjon for onkologi, Institutt for indremedisin (no Klinisk institutt 2), og Mohn Kreftforskningslaboratorium. Arbeidet har vore finansiert av Kreftforeningen. Rettleiarar har vore Olav Dahl og Øystein Fluge.

Dessverre finst det i dag få slike molekylære markørar som er tekne inn i dagleg bruk i kreftbehandlinga for tjukk- og endetarmskreft. Dette er utgangspunktet for doktorgradsarbeidet der ein har leita etter slike markørar og samstundes prøvd å forstå betre kva som skjer i ei kreftcelle.

I arbeidet har eg undersøkt uttrykking av mikroRNA i analkreft og funne at ein av desse, miR-15b, har samanheng med infeksjon med Humant Papilloma Virus (HPV) som er vanleg i analkreft (1).

Resultata viser at miR-15b truleg verkar ved å hemme signalmolekyl som er viktige for celledelinga i svulsten. Vidare har eg sett på samanbinding av cellene i svulstar, noko eg trur er viktig ved metastering (spreiing). Uttrykkinga av utvalde molekyl som bind cellene saman vart studert og analysert i samanheng med overleving ved analkreft (2).

Resulta viser at låge nivå av proteina desmoglein1 og desmocollin1 er assosiert med betre overleving ved analkreft. Til slutt har eg studert dei to isoformene av cellesyklus-proteinet cyclin D1, cyclin D1a og cyclin D1b, som molekylære markørar for overleving og respons på kjemoterapi med 5-fluorouracil/levamisol gitt i tillegg til kirurgi (adjuvant kjemoterapi) ved tjukktarm- og endetarmskreft (3).

Resultata viser at pasientar med tjukktarmskreft (stadium II og III) der svulsten har høg uttrykking av cyclin D1a-proteinet, har betre effekt av denne kjemoterapibehandlinga enn dei med låg cyclin D1a.

Doktorgradsarbeidet har såleis identifisert fleire kandidatar som molekylære markørar for prognose ved analkreft og ein markør for effekt av 5-fluorouracil adjuvant kjemoterapi ved tjukktarmskreft.

Referanser

  1. Myklebust MP, Bruland O, Fluge Ø, Skarstein A, Balteskard L and Dahl O: MicroRNA-15b is induced with E2F-controlled genes in HPV-related cancer. Br J Cancer (2011) 105, 1719-25. doi: 10.1038/bjc.2011.457
  2. Myklebust MP, Fluge Ø, Immervoll H, Skarstein A, Balteskard L, Bruland O and Dahl O: Expression of DSG1 and DSC1 are prognostic markers in anal carcinoma patients. Br J Cancer (2012) 106, 756-762. doi:10.1038/bjc.2011.548
  3. Myklebust MP, Li Z, Tran TH, Rui H, Knudsen ES, Elsaleh H, Fluge Ø, Vonen B, Myrvold HE, Leh S, Tveit KM, Pestell RG and Dahl O: Expression of cyclin D1a and D1b as predictive factors for treatment response in colorectal cancer. Br J Cancer (2012) 107, 1684–1691. doi:10.1038/bjc.2012.463
Powered by Labrador CMS