Med patologihjartet på rette staden

Monica Johnsen Årvik. Foto: Privat

Folk

Med patologihjartet på rette staden

På histologilaben snittar ho vondarta tumorar, og i fritida er ho frivillig for Kreftforeningen. No inviterer Monica Johnsen Årvik bioingeniørkollegaene til aktiv beinstrekk i Stafett for livet.

Publisert

Endret

Av Heidi Strand

Tett på: Monica Johnsen Årvik

Alder: 38 år

Stilling: Bioingeniør på avdeling for patologi, Ålesund sjukehus.

- Kva er Stafett for livet?

- Det er ein hyllest til alle som er ramma av kreft, direkte eller indirekte. I 24 timar skal vi kome saman og heidre, minnast og støtte dei som er råka. Døgnet skal symbolisere at dei som er ramma, kjempar heile tida.

- Skal de springe stafett et heilt døgn!?

- Nei, det er ikkje ein konkurranse, for det handlar ikkje om å springe fortast. Ein stafettpinne skal vere i bevegelse i 24 timar, men ein kan gå eller springe, aleine eller saman med nokon.

- Kor skal stafetten gå føre seg?

- I år arrangerar Kreftforeningen Stafett for livet på 13 ulike stader, deriblant Ålesund. Sponsorar og frivillige samlar inn pengar til kreftsaka, men stafetten er gratis og for alle. Dagen startar med ein opningsseremoni, og er full av aktivitetar og fine innslag.

- Kvifor har du tatt initiativ til eit bioingeniørlag?

- Mange bioingeniørar jobbar med kreftdiagnostikk, og det er fint å vise fram. Laget heiter «Bioingeniørlaget», og eg vil be med meg bioingeniørar frå alle avdelingar på Ålesund sjukehus – og også dei som jobbar utanfor sjukehuset, i kommunen eller andre stader.

- Trur du kreftsaka er ekstra viktig for bioingeniørane fordi så mange av dei jobbar med kreft?

- Ja. Når vi på patologiavdelinga er med på å diagnostisere menneskje med alvorlege kreftdiagnosar, blir vi alle påverka. Eg synes jobben vi gjer er veldig viktig.

- Korleis skal de vise dykk fram som bioingeniørar?

- Vi skal ha eit eige telt for laget, som vi skal pynte med ballongar, lyslenker og bioingeniør-banner. Teltet skal vere ein uformell møtestad, og ein stad for kvile – for vi skal ha gode sitteplassar.

- Kor langt skal de gå og springe?

- Ein kan velje mellom tre ulike rundar med forskjellig lengde og vanskegrad; utandørsbane på Spjelkavik stadion, rundt Lillevannet eller ein tursti ved skiheisen. Bioingeniørane er ein veldig sporty gjeng, så eg trur vi kjem til å legge mange kilometer bak oss. Men ein kan bidra så mykje eller så lite som ein vil.

- Du jobbar også som frivillig i Kreftforeningen, - kva gjer du?

- Eg begynte i fjor, og er med frivilliggruppa for Stafett for livet. Det er ein super gjeng! Andre grupper jobbar med å få på plass eit Vardesenter, som er eit tilbod for alle kreftramma. Det er spennande at foreininga får til dette her i Ålesund, for elles finst sentra berre på dei store universitetssjukehusa. Det ligg eit stort lokalt engasjement bak!

- Korleis er det å jobbe frivillig?

- Det gir ein kjensle av samhøyr. Det er fint å få vere med og skape nokke bra for mange. Som frivillig kan ein bidra med små og store oppgåver, og det trengs alltid fleire.

- Kreft på jobb, i fritida, og no også som trim – i 24 timar! Kvifor er kreftsaka viktig for deg?

- På patologiavdelinga har vi ikkje mykje pasientkontakt, og det saknar eg. Pasientane er viktige og viser oss kvifor vi jobbar. Det motiverer meg, og gjer at jobben kjennes meiningsfull. Dessutan kjenner vi alle nokon som har eller har hatt kreft.

- Kva ville du gjort dersom du ikkje var bioingeniør?

- Då ville eg jobba med HMS og leiing - med hovudvekt på godt arbeidsmiljø. Eller så ville eg fortsett å jobbe på sjøen, kanskje på eit forskingsskip. Eg har allereie jobba to år til sjøs som forpleiingsassistent, og reiste blant anna til Brasil, Kongo og Skottland.

- Korleis trur du studiekameratane hugsar deg?

- Eg trur dei hugsar meg som veldig til stades og engasjert. Vi var ein god gjeng som fekk med oss absolutt alle forelesingar. Og så trur eg dei hugsar meg spesielt godt fordi eg fekk to barn midt i studiet. Eg tok ikkje ut permisjon før eg måtte – og det var då vi skulle ut i praksis.

- Kva arbeider du med akkurat no?

- På patologiavdelinga er vi i gang med et prosjekt om utvida skjering av makro. Vi har starta med galleblærer og appendiksar, og skal snart auke med fleire slag. Etter kvart skal nokre av oss vidareutdanne oss i skjering av operasjonspreparat på OsloMet. Men først skal eg skrive ferdig masteroppgåva mi.

- Kva skriv du mastergrad om?

- Eg skriv ein master i helseleiing om digitale verktøy i offentleg sektor. Den kompetansen planlegg eg å knyte opp mot bioingeniørfag.

- Du får ti minutt med helseminister Jan Christian Vestre. Kva ville du sagt?

- Vi som jobbar i sjukehus er opptatt av å gjere ein jobb med god kvalitet, og for å greie det er vi avhengig av å ha oppdatert utstyr, særleg medisinsk teknisk utstyr. Sjukehusa bør også få vere med på den digitale revolusjonen med kunstig intelligens, og det krev at dei får dei ressursane dei treng.

- Kva gler du deg mest til akkurat no?

- No gler eg meg veldig til stafetten i september, og til å skrive ferdig masteroppgåva.

Stikkord:

Kreft