Bioingeniør - screener - Helse Bergen

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør - screener - Helse Bergen

Varighet:
Fast
Sted:
Bergen
Søknadsfrist:
31.01.2021

Bioingeniør - screener
Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi, Helse Bergen

Avdeling for patologi er ei stor og velutrusta avdeling som er delt inn i fleire seksjonar; autopsi, biopsi, molekylærpatologi og cytologi. Det er fleire spesialfuksjonar som immunhistokjemi, nevropatologi, nyrepatologi, oralpatologi. Ved seksjon for cytologi, er det nå behov for ein bioingeniør som er screener med vidareutdanning i klinisk cytologi. Det blir årleg analysert ca 65.000 prøvar ved seksjonen. Flesteparten av prøvane er gynekologiske prøvar (frå Livmorhalsprogrammet) som blir analysert for HPV og screenet etter celleforandringer. Ca 6000 av prøvane er punskjonar og væsker (ikkje-gynekologiske).

Det er i overkant av 100 tilsette på avdelinga, derav 24 overlegar, 11 legar i spesialisering og mange bioingeniørar, ingeniørar og fagarbeidarar i tekniske stillingar. Ved avdelinga er det mange engasjerte og trivelege tilsette, og vi søkjer etter ein medarbeidar som kan trivast i eit hektisk og spennande arbeidsmiljø. Her vil du vere ein viktig aktør i ei kontinuerleg utvikling. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide målretta og som set fagleg kvalitet høgt.

Avdelinga held til i lyse, store lokale midt i sentralblokka ved Haukeland universitetssjukehus. Vi jobbar målretta mot å bli leiande innan vårt fagområde og vi følgjer tett på den teknologiske utviklinga i faget.

Det er ledig ei 100% fast stilling for ein screener med vidareutdanning i klinisk cytologi ved Avdeling for patologi.

Arbeidsoppgåver

  • Bioingeniør som blir tilsett skal delta i dagleg runtinearbeid ved Seksjon for cytologi der hovudoppgåven vil vere screening av gynekologiske prøvar. Det vert i tillegg screenet på ikkje-gynekologiske prøvar (punksjonar og væsker)
  • Den som blir tilsett vil også vere deltakande på poliklinisk undersøking (ROSE - Rapid Onside Evaluation). Det vil òg vere aktuelt å delta i anna laboratoriearbeid som mottak og preparering av cytologiske prøvar og analysering av HPV

Kvalifikasjonar

  • Screener med vidareutdanning i klinisk cytologi
  • Norsk autorisasjon som bioingeniør eller annan relevant utdanning på bachelornivå
  • Erfaring med screening av gynekologiske og ikkje-gynekologiske prøvar blir lagt vekt på
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er målretta og får oppgåvene gjort
  • Du må kunne jobbe godt både sjølvstende og i team
  • I jobben er du positiv, oppfinnsam og løysingsorientert
  • Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Du trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
  • Du er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

  • Driftsleiar Johanne Lind Aasen, tlf. 55973207, e-post: johanne.lind.aasen@helse-bergen.no

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.