Bioingeniør, Helse Førde

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør, Helse Førde

Varighet:
Fast
Sted:
Førde
Søknadsfrist:
02.11.2020

Bioingeniør
Laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank, Førde

Det er ledig en 100% fast stilling for Bioingerniør ved Laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) ved Førde Sentral sjukehus.
Det kan også bli ledig vikariat.

Laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank har 38 tilsette med variert kjønn- og aldersamansetnad. Avdelinga analyserar prøver frå sjukehusets pasientar, polikliniske pasientar og tilsende prøver frå omliggande legekontor. Det blir utført omlag 1.4 millionar analysar årleg innan medisinsk biokjemi, hematologi og koagulasjon.

Avdelinga har og ansvar for produksjon og utlevering av blodprodukt, i tillegg til drift av prøvetakingspoliklinikk. LMBB jobber fram mot ISO-sertifisering.

Arbeidsoppgåver

  • Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi
  • Stillinga inngår i 3-delt vaktturnus ved avdelinga
  • Arbeidsoppgåvene blir rullerte kontinuerleg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Relevant praksis frå fagområdet medisinsk biokjemi og blodbank
  • Gode IT kunnskaper
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjement og serviceinnstilling
  • Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst, strukturert og engasjert
  • Like varierte utfordringar og trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø

Vi tilbyr

  • Opplæringsprogram for nytilsette
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg

Kontaktinformasjon

  • Seksjonsleiar Aud Margrete Holen, tlf. 578 39 815

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.