Fagbioingeniør, klinisk kjemi og immunkjemi

Tilbake til ledige stillinger

Fagbioingeniør, klinisk kjemi og immunkjemi

Helse Møre og Romsdal logo
Varighet:
Fast
Sted:
Molde sykehus
Søknadsfrist:
30.11.2019

Fagbioingeniør, klinisk kjemi og immunkjemi

Medisinsk biokjemi Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Klinikk for diagnostikk - Avdeling for medisinsk biokjemi - Medisinsk biokjemi Molde

Avdeling for medisinsk biokjemi er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei fire sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi Molde har 38 stillingar og ca. 45 tilsette. Seksjonen består av fagområda hematologi/koagulasjon, preanalyse/urin, klinisk kjemi/immunkjemi, ANA/Allergener/protein og blodbank/transfusjonsmedisin.

Vi har ledig 100 % fast fagbioingeniørstilling innafor fagområdet klinisk kjemi og immunkjemi frå 01.02.2020.

Ved evt. internt opprykk kan det også bli ledig fast stilling som bioingeniør II.

Det er muleg å søke på Bioingeniør II-stilling. Den som søker må oppgi kva for stilling det blir søkt på - fagbioingeniør og/eller bioingeniør II.

SNR, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, skal ha byggestart siste halvdel av 2020 og skal etter planen stå klart i 2024. Det vil vere eit pågåande OU-arbeid i samband med planlegging og bygging av nytt laboratorium ved SNR.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Fagansvarleg bioingeniør for fagområdet
  • Koordinere den daglege drifta ved fagområdet. Dette inneber også vurdering av behov for delegering av oppgåve til bioingeniør II/ bioingeniør
  • Forvalte fagområdet sine ressursar på ein god måte, knytta opp mot laboratoriet si verksemd
  • Sørgje for å halde seg fagleg oppdatert og dokumentere dette.
  • Spesielt ansvar for kompetansehevande arbeid ved fagområdet
  • Opplæring og oppdatering av tilsette
  • Rettleiing av studentar og hospitantar
  • Samarbeide med leiinga og medisinskfagleg/laboratoriefagleg rådgivar i utvikling og val av metodar og utstyr
  • Bruke laboratoriet sine kommunikasjonsvegar
  • Bidra til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
  • Ansvar for at fagområdet har gode, relevante og oppdaterte prosedyrar
  • Ivareta kvalitetskontrollar og SLP
  • Registrere og rapportere avvik
  • Utføre vedlikehald etter gjeldande prosedyrar
  • Innkjøp av reagens og rekvisita
  • Mottakskontroll av varer og attestering av faktura
  • SAP (logistikk og økonomiløysing) – bestilling og mottak av varer
  • Andre delegerte oppgåver frå seksjonsleiar
  • Delta i seksjonsråd
  • Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver ifølgje arbeidsbeskriving for den einskilde seksjon.
  • Forberede fagområdet til innkjøring av nytt laboratorium ved SNR.

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon.
  • Relevant praksis.
  • Fagleg videreutdanning vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert.
  • Evne til omstilling og interesse for kompetanseheving.
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team.
  • Engasjert og initiativrik til å stå på i eit spanande og hektisk miljø.
  • Personleg eignaheit blir vektlagt.

Vi tilbyr

  • Krevjande, interessante og varierte arbeidsoppgåver innan sjukehus i omstilling og utvikling.
  • Løn etter gjeldande overeinskomst.
  • Godt arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Cecilie Eikrem Myklebust, seksjonsleiar tlf. 90 94 12 40

cecilie.eikrem.myklebust@helse-mr.no

Annonse på webcruiter.no

Søk på stillinga

Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.

Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal