Fagingeniør, tapping

Tilbake til ledige stillinger

Fagingeniør, tapping

Helse Fonna logo
Varighet:
Vikariat, 1 år, heltid
Sted:
Haugesund sjukehus
Søknadsfrist:
30.09.2018

Fagingeniør, tapping

Bioingeniør - Helse Fonna HF

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Vi søkjer bioingeniør til ledig vikariat i 100 % stilling som fagingeniør i turnus med delansvar for tapping ved laboratorium for immunologi og transfusjonsmedisin (LIT), Seksjon for laboratoriemedisin, Haugesund sjukehus. Arbeid 35,5 t/veke.

Det kan bli ledige vikariat i ingeniørstillingar i turnus ved LIT, og vi ber deg opplyse i søknaden om du også søker slik stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for tapping av blodgivarar i Sauda
  • Blodtypeserologisk laboratoriearbeid
  • Komponentframstilling og blodutlevering.
  • Skrive og revidere prosedyrar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein føresetnad.
  • Erfaring frå transfusjonsmedisin er ønskeleg og vil bli vektlagt.
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg på høgt nivå.

Utdanningsretning

  • Bioingeniørfag

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom- / bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og arbeidssam
  • Gode samarbeidsevner
  • Må ha høg arbeidsmoral
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø

Kontaktinfo:

Svein Morten Lervik, funksjonsleiar, (+47) 52 73 22 19

Søknadsfrist: 30. september

Annonse på webcruiter.no

Søk på stillingen

 

Bioingeniør i lederstilling? Din neste ansatte finner du ved å annonsere hos oss!

Over 90% av bioingeniørene leser Bioingeniøren. Vi presenterer stillingsannonser på papir, nettsiden og i sosiale medier. De beste kandidatene er kanskje ikke på aktiv jobbjakt. Hos oss treffer du også denne gruppen.

Se hva vi kan tilby!