Kvalitetsansvarleg blodbank og bioingeniør grunnstilling, Helse Førde

Tilbake til ledige stillinger

Kvalitetsansvarleg blodbank og bioingeniør grunnstilling, Helse Førde

Varighet:
Vikariat og fast
Sted:
Lærdal sjukehus
Søknadsfrist:
25.07.2022

Kvalitetsansvarleg blodbank og bioingeniør grunnstilling

LMBB, seksjon Lærdal Sjukehus, Helse Førde

Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), Lærdal sjukehus har ledig følgjande stillingar:

Eit årsvikariat som kvalitetsansvarleg ved blodbanken, 100%

Fast grunnstilling som bioingeniør, 100%

Tiltreding etter avtale

Kvalitetsansvarleg, fagbioingeniør: har ansvar for at rutinar og prosedyrar er i samsvar med gjeldande retningslinjer. Følgje opp og behandle avvik, ha ansvar for at utstyr er validert, verifisert og vedlikehelde, delta på interne og eksterne revisjonar. Fagbioingeniør rapporterer fagleg til overbioingeniør. Seksjonsleiar er næraste administrative overordna. Kvalitetsansvarleg deltek i vaktturnus med arbeid kvar tredje helg. Det blir gjeve opplæring i alle fagfelt som inngår i vaktberedskap.

Grunnstilling bioingeniør: turnusstilling med arbeid kvar 3.helg. Rullering mellom klinisk-kjemi, hematologi, koagulasjon, urinanalysar, blodbank. Det blir gjeve grundig opplæring i alle fagområder før ein går inn i turnus.

Dersom interne omrokkeringar, kan ein få tilbod om fast stilling med funksjon som kvalitetsleiar i eit år.

Spesifiser i søknaden kva stilling ein søkjer på, eller om ein søkjer på begge stillingane.

Laboratoriet har tett fagleg samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde (Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus). Vi legg stor vekt på fagleg oppdatering og deltek på alle fagleg retta brukarkurs. Vi har eit godt arbeidsmiljø og variert arbeid.

Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Kommunen har eit aktivt kulturliv med mellom anna kor og korps, festivalar, idrettslag, treningsstudio, kafear og kino.

Arbeidsoppgåver

  • Viser til innleiande tekst

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i bioingeiørfag. Norsk godkjenning
  • Gode IT-kunnskapar
  • Gode norsk-kunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Det er fordel med erfaring innanfor dei nemde fagfelta

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fagleg engagement
  • Initiativrik

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Variert arbeid og godt fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Nyoppussa leilegheiter nær sjukehuset

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, (+47) 97 65 91 55

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.