Kvalitetsleiar, Helse Bergen

Tilbake til ledige stillinger

Kvalitetsleiar, Helse Bergen

Varighet:
Fast
Sted:
Bergen
Søknadsfrist:
23.08.2020

Kvalitetsleiar. Fast stilling
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)

Stilling som kvalitetsleiar ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Laboratorieklinikken, er ledig frå 1. desember 2020.

MBF er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus, og har meir enn 300 tilsette. MBF har 13 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar. Avdelinga har også tre legegrupper (Seksjon medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi).

Avdelinga utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid ved avdelinga.

MBF vart akkreditert i 2009 etter ISO 15189. Hormonlaboratoriet vart ein del av MBF i 2019, og det gjenstår ein del samkjøring av to kvalitetssystem. I tillegg er laboratoriet ved Voss sjukehus blitt ein del av MBF, og det er planar at denne seksjonen også kan bli akkreditert i 2021.

Avdelinga har ei eiga kvalitetsgruppe som kvalitetsleiar er leiar av. Kvalitetsleiar er i linje til avdelingssjefen.

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar inngår i stillinga.
  • Ansvar for akkrediteringskrava i ISO 15189.
  • Tilrettelegge avdelinga sitt kvalitetsystem og ha hovudansvar for drift og vedlikehald av dette.
  • Ansvar og myndighet for å sikre at kvalitetsarbeidet er kjent og følges.
  • Vere pådrivar og ha ansvar for arbeidet med å oppretthalde og vidareutvikle kvalitetsarbeidet ved avdelinga.
  • Samarbeide med andre avdelinger i Laboratorieklinikken innan kvalitetsområdet.
  • Ansvar for tilrettelegging og oppfølging ved eksterne bedømminger, revisjonar og tilsyn.
  • Ansvar for avdelingas plan og gjennomføring av interne kvalitetsrevisjonar.
  • Ansvar for oppfølging og rapportering av avdelinga sitt avvikssystem (Synergi).
  • Delta i avdelinga si opplæringsverksemd for nytilsette som ressursperson og opplæringsansvarleg for Elektronisk Kvalitetshandbok og Synergi.
  • Halda seg oppdatert innafor stillinga sitt fagfelt.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør eller anna relevant utdanning på høgskole/ universitetsnivå.
  • Erfaring frå kvalitetsarbeid og akkrediteringsprosess ved medisinsk laboratorium vil bli lagt vekt på.
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar.
  • Gode datakunnskapar.
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer dei i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen.

Personlege eigenskapar

  • Ha gode kommunikasjonsevner og vere samarbeidsvillig.
  • Handlings- løysningsorientert.
  • Resultatorientert.
  • Nøyaktig, sjølvstendig og strukturert.
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver.
  • Sterk på avgjerder og gjennomføring.
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team og vere ein god teamarbeidar.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.
  • Dagarbeid med moglegheit for fleksibel arbeidstid.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Fagleg og personleg utvikling.

Kontaktinormasjon

  • Avdelingssjef Jørn Vegard Sagen, tlf. 55974396, epost jorn.vegard.sagen@helse-bergen.no

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.