Kvalitetsleiar, Helse Fonna, Stord

Tilbake til ledige stillinger

Kvalitetsleiar, Helse Fonna, Stord

Varighet:
Fast
Sted:
Stord
Søknadsfrist:
01.08.2021

Laboratoriet Stord - Kvalitetsleiar
Avdeling for laboratoriemedisin, Helse Fonna HF

Laboratoriet Stord har ledig 100% fast dagstilling som kvalitetsleiar. Stillinga inneber kvalitetsarbeid og arbeid i den daglege rutinen. Laboratoriet Stord er eit av seks laboratorium i Avdeling for Laboratoriemedisin i Helse Fonna, og utfører analysearbeid innan klinisk kjemi og immunologi og transfusjonsmedisin, i tillegg til døgnkontinuerleg drift, tapping av blodgivarar, blodprøvetaking mm.

Laboratoriet er ein triveleg arbeidsplass med høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. For å ivareta og vidareutvikle vårt kvalitetssystem, vil det bli tilsett kvalitetsleiar som og deltar i den daglege drifta av laboratoriet.

Kvalitetsleiar skal vera ein ressursperson innan kvalitetssystemet.

Kvalitetsleiar har hovduansvar for at kvalitetssystemet på Laboratoriet Stord tilfredssstiller krav gitt i NS ISO15189, samt vera ein pådrivar for kvalitetsarbeidet.

Ved evt intern tilsetjing kan det bli ledig stilling som bioingeniør i tredelt turnus. Oppgi i søknad om dette er av interesse.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre delegerte oppgåver frå funksjonsleiar, som vil innebere:
  • Vera kjent med krava i ISO 15189 og sørge for at laboratoriet sitt kvalitetssystem tilfredsstiller denne
  • Avdekke forbedringsområde i avdelinga og vera løysingsorientert
  • Gi råd og veiledning til fagansvarlige, funksjonsleiar og lege i kvalitetsspørsmål
  • Vera ein ressursperson og pådrivar for kvalitetsarbeidet i laboratoriet i henhold til avdelingen sin strategi og målsetting
  • Følge opp avdelingens avviksregistrering og avviksbehandling i Synergi, samt lukking av avvik etter delegasjon frå funksjonsleiar og avdelingsleiar.
  • Utarbeide prosedyrer for kvalitetsdokumentasjon.
  • Veilede ansatte i prosedyreskriving
  • Oppfølging av ekstern kvalitetskontroll og sertifisert referansemateriale
  • Delta i beslutningsprosessar som angår ansvarsområdet
  • Delta på fagmøter, ansvar for gjennomgang av avvik knytta til kvart fagområde
  • Samarbeide med fagmiljøa innanfor kvalitetsarbeid.
  • Bistå kolleger
  • Delta i rutinearbeid på laboratoriet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • For å tiltre som kvalitetsleiar bør ein ha minst 5 års erfaring som bioingeniør innan medisinsk biokjemi
  • Vidareutdanning/erfaring innan kvalitetsarbeid kan bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjement
  • Samarbeidsevne
  • Evne til å jobbe stukturert og sjølvstendig
  • Leiaregenskapar
  • Evne til å ta initiativ

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå.
  • Oppfølging og opplæring.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Ein spennande, meningsfull og utfordrande jobb.
  • Fagleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.


Kontaktinformasjon

  • Funksjonsleiar Rita Danielsen Tyse, tlf. 53491094

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.