Overbioingeniør Helse Førde

Tilbake til ledige stillinger

Overbioingeniør Helse Førde

Varighet:
Fast
Sted:
Førde
Søknadsfrist:
24.02.2020

Overbioingeniør bakteriologisk eining
Mikrobiologisk avdeling, Helse Førde

Mikrobiologisk avdeling har berre ein seksjon (Mikrobiologisk laboratorium), med tre einingar; serologisk, bakteriologisk og molekylærbiologisk.

Avdelinga har totalt 24 tilsette; 3 overlegar, 18 bioingeniørar/ avdelingsingeniørar og 3 sekretærar.

Vi er akkrediterte etter NS-EN ISO 15189.
Ved eventuelt internt opprykk kan det bli ledig anna stilling som bioingeniør i avdelinga. Dersom du er interessert, skriv du dette i søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift av eininga, som består av bakteriologisk- og substrat laboratorium
  • Fordeling av arbeidsoppgåver
  • Innkjøp av forbruksmateriell
  • Oppfølging av kvalitetskontrollar
  • Ansvar for prosedyrer
  • Delta i rutinediagnostikk
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Røynsle frå fagområdet
  • Laurdags- og helgedagsarbeid må påreknast.
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, resultatorientert, engasjert og strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Arbeidsam og god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Travel og aktiv arbeidsplass
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Løn etter kvalifikasjonar og i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Sjukehuset vil kunne hjelpe til med å skaffe bustad

Kontaktinformasjon

  • Seksjonsleiar Torill Aarø, tlf. 578 31554
  • Kvalitetskoordinator Berit Kipperberg Ose, tilf. 578 31553

Les annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.