Seksjonsleiar ved laboratoriet på Voss sjukehus

Tilbake til ledige stillinger

Seksjonsleiar ved laboratoriet på Voss sjukehus

Varighet:
Fast
Sted:
Voss sjukehus
Søknadsfrist:
09.10.2022

Seksjonsleiar ved laboratoriet på Voss sjukehus

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen

Vi søker no etter ein tydeleg, handlekraftig og positiv leiar til fast stilling som seksjonsleiar ved laboratoriet på Voss sjukehus. Vi ser etter deg som er flink til å koordinere og følje opp prosessar, har evne til å leie team og har gode relasjonelle og medmenneskelege eigenskapar. Du er god til å samhandle med andre einingar og yrkesgrupper.

Laboratoriet på Voss sjukehus er organisert som seksjon under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus HF. Seksjonen har eit tett og godt samarbeid med einingane i Bergen og med einingar på Voss sjukehus. Laboratoriet utfører analysar innan medisinsk biokjemi, transfusjonsmedisin og blodbank. Det er 16 tilsette på laboratoriet (15,2 stillingar) som flytta inn i nye, moderne og trivelege lokale i desember 2014. Laboratoriet er døgnbemanna, med beredskapsvaktordning (heimevakt) på natt. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Voss sjukehus har eit ansvar som lokalsjukehus for Voss, Vaksdal, Kvam, Ulvik og Eidfjord, og har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde og gynekologi. Sjukehuset er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen, andre kommunar i regionen og ved fritt sjukehusval. Voss sjukehus har om lag 400 tilsette.

Velkommen til Voss!

Voss er ein kommune i Vestland fylke. Voss herad har om lag 16000 innbyggjarar og er omkransa av flott natur med moglegheit for mange ulike aktivitetar, mellom anna turar i fjellet, rafting, paragliding og rideturar. Kulturlivet er rikt og variert med mange festivalar, som Vossajazz, Osafestivalen, Voss Cup og Ekstremsportveko. Voss er i dag bygd ut som vintersportssenter med særleg godt utbygde alpinanlegg med tilhøyrande stolheisar, svevebanar og skitrekk. Bavallen er ein kjend hoppbakke.

Kommunen er i vekst og står framfor ei omfattande utvikling i åra som kjem. Det skal byggast mange nye bustader og leggast til rette for ein betydeleg vekst i talet på bedrifter og arbeidsplassar. Vossevangen er eit trafikknutepunkt for veg og jernbane. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet. Per i dag er reisetid til Bergen med tog ca. 1 t 15 min, med bil om lag 1 t 35 min.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for den daglege drifta
  • Ansvar for måloppfølging, fag, kvalitet og personal
  • Budsjettansvar og økonomioppfølging
  • Ansvar for utarbeiding av turnusplanar
  • Val og innkøyring av nye instrument og metodar
  • Ansvar for å bidra med helhetlig og strategisk tenking og vere ein aktiv bidragsytar i arbeidet med å vidareutvikle seksjonen iht. vedtatte mål og strategiar
  • Delta i dagleg rutine ved seksjonen
  • Samarbeide tett med seksjonslege/legar og leiargruppa, i tillegg deltar seksjonsleiar i ulike fellesmøte og prosjekt i avdelinga og på Voss sjukehus

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør med høveleg bakgrunn og minst 2 års erfaring frå sjukehus laboratorium
  • Alternativt anna helseutdanning med relevant erfaring kan vurderast, og med det føreset at søkjar er villig til å opparbeide kompetanse innanfor laboratoriedrift
  • Det er ein fordel med dokumentert leiarkompetanse og/eller leiarerfaring
  • Det er ein fordel med erfaring frå prosedyreskriving, metodevalidering, databearbeiding og innkjøp av større instrumentpark
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Personleg egnetheit vektleggjast. Du må ha gode samarbeidsevner, jobbe sjølvstendig, vise handlekraft, vere løysings- og endringsorientert, ha høg arbeidskapasitet og arbeidsglede, samt vere ein motiverande faktor for å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei
  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
  • Interesse for utvikling og forbetringsarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner og serviceinnstilt
  • Evne til raskt å sette seg inn i nye saksområde
  • Du arbeider målretta, toler å stå i krevjande situasjonar og har god stressmestring
  • Vilje til å vidareutvikle deg som leiar

Vi tilbyr

  • Stillinga er ei dagstilling
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Høgt fagleg nivå
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tidsbegrensa kompensasjon for utgifter til reise- eller bustad kan diskuterast

Kontaktinformasjon

Hege Hoff Skavøy, Sjefbioingeniør, 55 97 43 97, hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no

Jørn Sagen, Avdelingssjef, 55 97 43 96, jorn.vegard.sagen@helse-bergen.no

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.