Humor

Illustrasjon: Sven Tveit

Nattevakt – på engelsk

Eg hadde hatt tre veker ferie i Hellas og skulle byrja på jobb att med nattevakt. Det var roleg, og då klokka nærma seg 23.00 og ingen prøvar var rekvirert, gjekk eg opp på nattevaktrommet for å sove. Telefon og calling var trygt plassert ved sidan av meg.

Eg har eit godt sovehjarta og slokna raskt, men vakna brått av latter laaangt borte. Eg fann meg sjølv sitjande i senga med telefonrøyret i handa og eg høyrde at eg sa: ”This is not the laboratory”.

Det var ein sjukepleiar på ”recovery” som hadde ringt og ho hadde spurt; ”Er det laboratoriet?”.

Eg hadde, i min djupe søvn, trudd at eg fortsatt var på ferie i Hellas, der eg hadde snakka engelsk i tre veker.

Anne-Karin

Powered by Labrador CMS