Ytring
Helsetenesta må syte for «orden i eige hus», også i dei minste romma
Laboratoriearbeid er berre ei av svært mange oppgåver i sjukeheim og heimeteneste. Men også for det som utførast sjeldan, må prosedyrar vere lett tilgjengelege og nok opplæring gitt.
Av MARIT STEINSUND, bioingeniør og laboratoriekonsulent Noklus, Sogn og Fjordane
I EIT SELSKAP eg var i for nokre år sidan vart det ein engasjerande diskusjon om kva som er beste løysing når det er bestilt prøvar av heimebuande som får omsorgstenester. Nokre gjestar ville helst reist til fastlegekontoret, argumentet for det var at tilsette der har best trening. Andre meinte at når tilsette i heimetenesta likevel var innom, burde dei kunne ta prøvane.
NÅR DU HØYRER ORDET «laboratoriearbeid», ser du gjerne føre deg det som utførast i laboratorieavdelingane på sjukehusa eller på fastlegekontoret. Men det kan også vere mykje mindre enn det; på sjukeheimar og hos heimetenester kan laboratoriet vere i ei skuff, på ei hylle eller med i sekken. Mi meining er at laboratoriearbeid, enten det er i stort eller lite omfang, berre bør utførast når det kan dokumenterast at tilsette har nok kompetanse og at laboratorieresultata har god kvalitet.
YRKESGRUPPER som ikkje har laboratoriefag i si utdanning, har ikkje alltid like stor forståing for behov for kvalitetssikring på dette området; laboratoriearbeidet som utførast er berre ei av svært mange oppgåver i sjukeheim og heimeteneste. Men også for det som utførast sjeldan, må prosedyrar vere lett tilgjengelege og nok opplæring gitt. Det må vere sikkert at prøvetaking skjer korrekt og at instrument og reagens fungerer som dei skal. For den som skal behandle, er det å få feil prøvesvar verre enn å mangle prøvesvar.
KOSTNAD TIL OPPLÆRING i laboratoriearbeid og vedlikehald av kvalitetssystem vert sett på som ei ekstra utgift, endå det burde vere ein naturleg del av tenesta. Det trengst bevisstgjering, og via statsbudsjettet har Noklus fått midlar til prosjekt for kvalitetsforbetring av laboratorieverksemda både i sjukeheim og heimeteneste. Vi møter engasjerte tilsette i omsorgstenesta som yter gode tenester. Men ofte får dei aha-opplevingar når dei innser at laboratoriearbeidet har vore feil utført fordi dei ikkje har hatt prosedyrar og ingen har vist dei korrekt framgangsmåte. Vi møter også mange leiarar som seier at det generelt er stram økonomi, slik at det berre er midlar til oppgåver som er lovpålagte.
SÅ ER SPØRSMÅLET: Er det lovpålagt å ha system for kvalitetsforbetring i laboratorieverksemda? Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta blei sett i verk frå 01.01.2017. Forskrifta erstatta den tidlegare Internkontrollforskrifta for helse- og omsorgstenester. Den nye forskrifta er endå tydelegare på å plassere ansvar hos leiar: I kommunen er det leiar for kommunale omsorgstenester sitt ansvar å kunne dokumentere medarbeidarane sin kompetanse, og å sørgje for at medarbeidarar har nødvendig opplæring i det aktuelle fagfeltet. I kvalitetsarbeidet er det krav om kontinuerleg å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere. Risiko for svikt i prosessane skal vere identifisert, og uønskte hendingar må følgjast opp.
KOMMUNANE SKAL SYTE for nødvendig helsehjelp og levere tenester som er fagleg forsvarlege til innbyggjarane. Og alle nivå i helseteneste må syte for «orden i eige hus». Dersom tilsette ved sjukeheim og i heimeteneste ikkje får nok opplæring og rutine til at det vert god kvalitet, bør heller tilsette ved legekontor eller andre utføre laboratorietenestene.