Bioingeniør i turnus. Helse Fonna

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør i turnus. Helse Fonna

Varighet:
Fast
Sted:
Haugesund
Søknadsfrist:
25.02.2018

Bioingeniør i turnus - Immunologi og transfusjonsmedisin, Helse Fonna

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Vi søkjer bioingeniør til ledig fast 100 % stilling som fagingeniør med delansvar for tapping ved laboratorium for immunologi og transfusjonsmedisin (LIT), Seksjon for laboratoriemedisin, Haugesund sjukehus. Anna fast stilling i lågare stillingsprosent eller vikariat med kortare varigheit eller lågare stillingsprosent kan bli ledig. Søkarar til denne stillinga vil også bli vurdert til desse.

Arbeidsoppgåver

  • Blodtypeserologisk laboratoriearbeid, tapping av blodgivarar, komponentframstilling og blodutlevering er sentrale oppgåver i stillinga.
  • Stillinga inneber ögså ansvar for utvalde oppgåver innan fagområdet tapping.
  • Den som blir tilsett i stillinga må pårekne oppgåver innan andre fagområde ved LIT avhengig av behov.
  • Arbeid 35,5 t/veke og kvar 4. helg.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein føresetnad.
  • Erfaring frå transfusjonsmedisin er ønskeleg og vil bli vektlagt.
  • Må kunne norsk munnleg og skriftleg på høgt nivå.

Utdanningsretning

  • Bioingeniørfag

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og arbeidssam
  • Gode samarbeidsevner
  • Må ha høg arbeidsmoral
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden 

 Kontaktinfo

  • Funksjonsleiar Svein Morten Lervik, tlf. 52 73 22 19

Søknadsfrist: 25. februar 2018.

Fullstendig annonse på webcruiter.no

Søk på stillingen

Bioingeniør i lederstilling? Din neste ansatte finner du ved å annonsere hos oss!

Over 90% av bioingeniørene leser Bioingeniøren. Vi presenterer stillingsannonser på papir, nettsiden og i sosiale medier. De beste kandidatene er kanskje ikke på aktiv jobbjakt. Hos oss treffer du også denne gruppen.

Se hva vi kan tilby!