Bioingeniør, med. biokjemi og blodbank, Førde
- Varighet:
- Fast
- Sted:
- Førde
- Søknadsfrist:
- 25.11.2024
Bli med på laget på LMBB – din sjanse til å kombinere fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur!
Er du bioingeniør og klar for nye utfordringar? Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde, får du moglegheit til å jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø. Bioingeniørstudentar på 3. året er også velkomne til å søkje.
🌟 Her får du:
Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin
Tett samarbeid med erfarne kollegar i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
Tredelt turnus, grundig opplæring og du er aldri aleine på vakt
Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon
🌍 Førde – din nye by:
Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangementer
Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiskemuligheter rett utanfor døra
Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.
🎉 Sosialt miljø:
Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Er du klar for å ta steget? Ta kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team!
Startdato etter avtale. Vi gledar oss til å bli kjent med deg!
Sjå video for å bli kjent med oss i LMBB.
Arbeidsoppgåver
- Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi
- Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
- Stillinga inngår i tre-delt vaktturnus ved avdelinga. Dette gir mange fordelar med turnusfridagar. Vi tilpassar turnus individuelt
- Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga
- Arbeidsoppgåvene blir rullert kontinuerleg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør. 3.-års bioingeniørstudenter som får autorisasjon sommaren 2025 kan også søke
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Relevant praksis/arbeidserfaring frå medisinsk biokjemi/blodbank er ein fordel
- Gode IKT kunnskaper
Personlege eigenskapar
- Vere fagleg engasjert og interessert
- Jobbe stukturert og målretta
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Må trivast i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæringsprogram for nytilsette
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
- Arbeid i IA-bedrift
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Nina Merkesdal Hole, seksjonsleiar, telefon: 57 83 92 87 / 99 36 47 96
Robin-Andre Sørland, avdelingssjef, telefon: 918 25 148
Sjå annonse på webcruiter.no
Søk på stillinga
Om arbeidsgjevar
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.