Bioingeniør, Mikrobiologi, Helse Førde

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør, Mikrobiologi, Helse Førde

Varighet:
Vikariat
Sted:
Førde
Søknadsfrist:
20.09.2019

Bioingeniør
Mikrobiologisk avdeling, Helse Førde

Arbeidsstad er Mikrobiologisk avdeling, Førde sentralsjukehus, med tilsaman 23 tilsette. Avdelinga er organisert i einingar for bakteriologi inklusiv substrat, serologi og molekylærbiologi samt ekspedisjon.

Avdelinga har ei rotasjonsordning som inkluderer arbeid ved fleire av einingane.

100% vikariat bioingeniør, fram til 01.05.2020. Mogleg forlenging av vikariatet.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre laboratoriearbeid etter godkjende prosedyrar og i tråd med gjeldande lover og regelverk
  • Må pårekne opplæring ved minimum 2 einingar ved avdelinga om ein får utvida vikariatet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør. Søkarar med liknande utdanning kan vurderast.
  • Erfaring frå arbeid ved medisinsk mikrobiologisk laboratorium vil bli tillagt stor vekt
  • Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå.
  • Dokumentasjon må leggast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Engasjert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel, nøyaktig og løysingsorientert
  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må kunne norsk munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Sjukehuset kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

  • Seksjonsleiar Torill Aarø, tlf. 578 31 554
  • Overbioingeniør Berit Kipperberg Ose, tlf. 578 31 553

Annonse på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.