Bioingeniør, patologi, Helse Førde

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør, patologi, Helse Førde

Varighet:
Fast
Sted:
Førde sentralsjukehus
Søknadsfrist:
03.11.2024

Bioingeniør

Patologisk laboratorium, Helse Førde

Avdeling for patologi søkjer ein ny medarbeidar med kompetanse og engasjement til å vere med oss på vidare utvikling ved avdelinga - og som vil vere ein viktig bidragsytar til presis diagnostikk for våre pasientar.

Sjå litt frå vår kvardag: Blimedoss

Her arbeider vi tett saman om diagnostikk på vev- og celleprøver. Ein diagnose fra patolog fortel om pasienten har kreft eller andre sjukdommar - og gir eit godt grunnlag for best mogeleg behandling. Vi mottek prøver frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa og frå primærhelsetenesta. Med digitalisering og persontilpassa medisin som ein del av vår kvardag, er utviklinga i faget rask og spanande.

Avdeling for patologi i Helse Førde har kring 25 medarbeidarar som arbeider i lag for å sikre diagnostiske funksjonar innan histologi, immunhistokjemi, generell cytologi, molekylærbiologi og autopsi. Vi jobbar også mot å bli eit akkreditert laboratorium og har kontinuerleg forbetring i fokus. Sidan vi er ein liten avdeling, har vi gode moglegheitar for rullering på lab, slik at kvardagene er varierte og at tilsette får brei kunnskap innan fagfeltet vi jobbar med.

Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kyst og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekker seg frå kunst til konsertar.

På avdeling for patologi i Førde har vi eit sosialt og fint miljø, og vi er opptekne av trivsel både på jobb og fritida. Fleire hjå oss er aktive innan ulike aktiviteter slik som klatring/buldring, orientering, kampsport, strikking, løping, kor - og fleire andre sosiale aktivitetar. Vi sørger og for regelmessige lunsjarrangemente og felles middag ute i Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i dagleg drift ved patologilaboratoriet; preanalytisk- og analytisk arbeid med diagnostiske prøver
  • Variert arbeid som inkluderer arbeid med fargeteknikkar, betjene instrumentpark og delta i kvalitetssikring
  • Dagtidsarbeid måndag - fredag.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør
  • Relevant praksis/arbeidserfaring frå patologilaboratorie/medisinsk lab tel positivt
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Grunnleggande IT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvars- og kvalitetsbevisst
  • Du trivast i eit aktivt laboratoriemiljø
  • Du er positiv og omgjengeleg
  • Du har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med ulike yrkesgrupper
  • Du er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Spanande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Opplæringsplan for nytilsette
  • Fagleg utvikling
  • Fleksitidsordning med kjernetid kl. 08.30-15.00
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Leiing med fokus på psykososial tryggleik
  • Bistand til å skaffe bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.

Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Katja Helmine Nielsen Gulhaugen, Seksjonsleiar, Telefon: +47 411 72 494

Søk på stillingen

Se annonsen på webcruiter.no

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.