Bioingeniør Seksjon for kreftgenomikk, Helse Bergen

Tilbake til ledige stillinger

Bioingeniør Seksjon for kreftgenomikk, Helse Bergen

Varighet:
Fast
Sted:
Helse Bergen
Søknadsfrist:
10.10.2022

Bioingeniør Seksjon for kreftgenomikk

Laboratorieklinikken/ Seksjon for kreftgenomikk, Helse Bergen

Seksjon for kreftgenomikk er ei nyoppretta eining i Laboratorieklinikken med ansvar for avansert molekylær kreftdiagnostikk. Seksjonen er ein av åtte einingar i Laboratorieklinikken og seksjonsleiar rapporterer til klinikkdirektør. Seksjon for kreftgenomikk samarbeidar med Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk genetikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft, Seksjon for bioinformatikk og Biobank Haukeland. Dei tilsette har ulik yrkesfagleg bakgrunn med høg fagleg kompetanse (bioingeniørar, molekylærbiologar og legar).

Seksjon for kreftgenomikk har ansvar for avansert molekylær kreftdiagnostikk. Seksjonen nyttar ulike molekylære analysemetodar på kromosom, DNA og RNA for å undersøke endringar i genomet som er viktige for diagnostikk og behandling.

Seksjon for kreftgenomikk lyser ut ein fast 100% stillingar som bioingeniør. Bioingeniøren vil hovudsakleg jobbe ved Eining for tumorgenomikk, der ein jobbar med solide svulstar på FFPE vev, fersk materiale og blod/beinmarg. Analysane utførast i samarbeid med Avdeling for patologi. Blodprøvetaking vil og inngå i stillinga, samt ein kan bli involvert i andre oppgåver ved seksjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Stillingane vil hovudsakleg ha arbeidsoppgåver og ansvar knytt til dagleg analytisk drift. Dette inneber forbehandling av materiale (blod, celleutstyrk, ferskt og FFPE), nukleinsyre ekstraksjon, FISH, qPCR, Sanger-sekvensering, fragment-analyse, neste generasjons sekvensering (NGS) med meir
  • Ein må ta medansvar for instrumentdrift, analytisk kvalitetskontroll, prosedyreskriving og vedlikehald
  • Det kan bli aktuelt å bidra ved utvikling av nye arbeidsrutinar og analysar samt oppdatering av eksisterande metodar. Det kan og verte aktuelt å bidra opplæring
  • Ein må halde seg fagleg oppdatert innan seksjonen sitt fagspesifikke område
  • Stillinga inneber deltaking i laboratoriets rutinar for prøvetaking

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Det er ønskeleg med erfaring frå genetisk arbeid og molekylærbiologiske teknikkar
  • Det vil også vere ein fordel å ha kjennskap til seksjonen sine analysemetodar, samt programvare som nyttast ved seksjonen
  • Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg og det er ein fordel med gode kunnskapar i engelsk

Personlege eigenskapar

  • Stillinga føreset evne til sjølvstendig arbeid og det blir lagt vekt på personlege eigenskapar, samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Søkar må trivast i eit tverrfagleg og aktivt miljø under oppbygging
  • Sjølvstendig, resultatorientert, engasjert og strukturert
  • God gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kristin Dahl-Michelsen, Einingsleiar, 55977816, Kristin.dahl-michelsen@helse-bergen.no

Randi Hovland, Seksjonsleiar, 55975322, randi.hovland@helse-bergen.no

Se annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.