Bioingeniør/Laboratorieingeniør, Mikrobiologi, Molde
- Varighet:
- Fast
- Sted:
- Molde
- Søknadsfrist:
- 15.11.2024
Er du bioingeniør med lidenskap for høgkvalitets pasientbehandling og eit godt arbeidsmiljø? Klinikk for diagnostikk, Avdeling for medisinsk mikrobiologi, Mikrobiologi Molde har ledig stilling som bioingeniør/laboratorieingeniør frå 01.februar 2025.
Vi ser etter deg som ønskjer å bli del av ei engasjert avdeling der vi set fokus på best mogeleg behandling for pasientane våre. Her vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med hyggelege, positive kollegaer – perfekt for deg som vil arbeide i ei dynamisk avdeling i vekst!
Om oss:
Avdelinga vår utfører eit breitt spekter av laboratorieundersøkingar innan medisinsk mikrobiologi for sjukehusa og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal, med seksjonar i både Molde og Ålesund. Vi er stolte av å tilby analyser og tenester utover standard repertoar, noko som har gitt oss eit rykte for høg kompetanse og førsteklasses service. Som bioingeniør hos oss, vil du bli del av eit kunnskapsrikt og inkluderande fagmiljø, der du får høve til både fagleg utvikling og til å bidra til det viktige forbetringsarbeidet vi driv med kvar dag. Sjå gjerne nettsida vår for meir informasjon om avdelinga vår her. Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) skal stå klart våren 2025, les mer om dette her.
Er du klar for nye utfordringar? Send oss ein søknad – vi gler oss til å bli betre kjent med deg!
Arbeidsoppgåver
- Laboratorieundersøkingar innan medisinsk mikrobiologi, med fokus på infeksjonsimmunologi, genteknologi, og bakteriologi/mykologi.
- Service og samarbeid med sjukehusa i fylket og primærhelsetenesta.
- Moglegheiter til å arbeide med avanserte diagnostiske metodar i ein avdeling som set kvalitet og utvikling høgt.
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon eller tilsvarande biofagleg utdanning på bachelor-nivå.
- Flytande norskkunnskap, skriftleg og muntleg.
- Fordel med erfaring innan mikrobiologi/molekylærbiologi eller relevante diagnostiske metodar.
- Interesse eller erfaring med IKT ser vi på som eit stort pluss.
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert, med god evne til sjølvstendig arbeid.
- Fleksibel og endringsvillig, samt villig til systematisk arbeid i ei avdeling som stadig utviklar seg.
- Gode samarbeidseigenskapar og evne til å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Ein arbeidsplass med trivelege kollegaer og eit sterkt tverrfagleg samarbeid.
- Ein inkluderande arbeidsplass.
- Krevjande, interessante og varierte arbeidsoppgåver, i eit føretak og ei avdeling i omstilling og utvikling
- Ved innflytting i nytt sjukehus (SNR) i 2025, vil arbeidsstad bli på Hjelset
Kontaktinformasjon
Cecilie Eikrem Myklebust, seksjonsleiar, e-post: Cecilie.Eikrem.Myklebust@helse-mr.no
Se annonse på webcruiter.no
Søk på stillinga
Om arbeidsgjevar
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal