Driftsleiar, Mikrobiologisk avdeling

Tilbake til ledige stillinger

Driftsleiar, Mikrobiologisk avdeling

Helse Bergen logo
Varighet:
Fast
Sted:
Helse Bergen
Søknadsfrist:
04.10.2020

Driftsleiar

Laboratorieklinikken/ Mikrobiologisk avdeling/ MIA drift, Helse Bergen

Mikrobiologisk avdeling - som vart akkreditert av Norsk Akkreditering i 2015 - har om lag 100 tilsette. Avdelinga har ansvar for mikrobiologisk diagnostikk i Helse Bergen og omliggande kommunar, og er mellom dei største mikrobiologiske avdelingane i landet. Avdelinga har 4 seksjonar - virologisk seksjon, bakteriologisk seksjon, molekylærbiologisk seksjon og produksjonslaboratorium. I tillegg kjem IKT-gruppa og legegruppa.

Avdelinga er godt utstyrt og har personell med høg kompetanse innan alle delar av mikrobiologisk diagnostikk. Avdelinga er i stadig endring for å tilpasse seg oppgåvene gitt av samfunn og sjukehus. Driftsleiar er stedfortreder for avdelingssjef og sit i leiargruppa i Laboratorieklinikken. Tilsetjing er frå 1. februar 2021.

Arbeidsoppgåver

  • Driftsleiar har ansvar for den tekniske driften av avdelinga. Storparten av det tekniske personalet er bioingeniørar
  • Driftsleiar skal i samarbeid med avdelingssjef leie og utvikle avdelinga etter gjeldande regelverk, mål og strategiar. Økonomiansvar for drift er lagt til stillinga
  • Driftsleiar har i samarbeid med avdelingssjef ansvar for at avdelingas personalpolitikk blir ivaretatt etter gjeldande reglar
  • Driftsleiar skal i samarbeid med avdelingssjef ha ansvar for rekruttering og kompetanseutvikling
  • Driftsleiar skal i samarbeid med kvalitetssjef og leiargruppa ha medansvar for kvalitetsutviklingsarbeidet og forbetringsarbeidet på avdelinga. Ivaretaking av arbeidsmiljø er ein sentral del
  • Driftsleiar inngår i Laboratorieklinikkens leiargruppe og har ansvar knytt til samordning mellom avdelingane

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Vid bioingeniørfagleg kompetanse/erfaring
  • Utdanning/erfaring innan administrasjon og leiing
  • Det blir lagt vekt på arbeidserfaring frå eit stort medisinsk laboratorium
  • Gode norskkunnskapar er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein driftsleiar som kan bidra til å vidareutvikle avdelinga både fagleg, kvalitetsmessig og teknologisk
  • Ein som kan bidra til å gjere avdelinga i stand til å yte best mogleg service og pasientbehandling gjennom kontinuerleg forbetring
  • Ein som evnar å arbeide strategisk for å møte framtidige krav og utfordringar
  • Ein som har gode samarbeidseigenskapar, serviceinnstilling og evne til fleksibilitet
  • Ein som trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Gode leiareigenskapar og forståing for rolla som leiar
  • Det blir lagt vekt på personleg egnethet
  • Gode evner til samhandling, dialog og kommunikasjon med medisinske fagmiljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb innanfor ein organisasjon i utvikling
  • Godt fagleg og sosialt miljø med gode utsikter til å utvikle både eigen og avdelingas kompetanse
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Elling Ulvestad, avdelingsoverlege, tlf. 55 97 46 16

Annonse på webcruiter.no

Søk på stillinga

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.