Fagansvarlig ingeniør molekylærbiologi

Tilbake til ledige stillinger

Fagansvarlig ingeniør molekylærbiologi

Varighet:
Vikariat
Sted:
Haugesund
Søknadsfrist:
16.12.2018

Fagansvarleg ingeniør molekylærbiologi - vikariat 100 % stilling dagturnus - Medisinsk mikrobiologi
Helse Fonna HF

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Laboratorium for medisinsk mikrobiologi er ein del av avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna. Vi søkjer fagansvarleg ingeniør molekylærbiologi til ledig vikariat i 100 % stilling dagturnus. Dagturnus vil innebera laurdags- og heilagdagsvaktar. Vikariatet er ledig frå 04.03.2019 til 31.08.2020.

 Arbeidsoppgåver

  • Delta i laboratoriets rutinearbeid som per i dag hovudsakleg består av bakteriologisk diagnostikk og resistensbestemmelse 
  • Medverke til fleksibel og rasjonell drift av verksemda i samsvar med gjeldande prosedyrar og føringar gitt via konsensusmøter, og at arbeidet blir utført i samsvar med krav gitt i ISO 15189
  • Vere ein aktiv deltakar i utviklings- og forbetringsarbeidet og i samarbeid med funksjonsleiar finne og implementere nødvendige forbetringstiltak
  • Delta i avgjerdsprosessar angåande innkjøp og implementering av metodar og medisinsk teknisk utstyr innan fagområdet
  • I samarbeid med fagansvarleg lege ha ansvaret for utprøving og validere/verifisere nye metodar eller instrument
  • Ansvar for å utarbeide nødvendige prosedyrar og opplæringsplaner innan fagområdet
  • Delta og bidra på kurs, internundervisning og møter.
  • Ansvar for å fordjupe seg innanfor fagområdet og på den måten vere ein bioingeniørfagleg ressurs i avdeling for laboratoriemedisin

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer fortrinnsvis bioingeniør med norsk autorisasjon og mastergrad innan molekylærbiologi eller relaterte fagområder.
  • Søkjarar med annan relevant erfaring og kompetanse vil bli vurderte
  • Kompetanse og god erfaring med molekylærbiologiske og genetiske metodar er ein føresetnad
  • Erfaring med etablering av real-time PCR vil bli vektlagt
  • God kunnskap i og forståing av generelle IKT-verktøy og kjennskap til elektronisk meldingsutveksling og medisinske fagsystem er ønskeleg
  • Nøyaktig arbeidsmetodikk med stor forståing av prosedyrehandtering og gjerne erfaring frå akkreditert laboratorium

Utdanningsretning

  • Bioingeniørfag

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein motivert og dyktig medarbeidar med stor arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar og vilje til å ta ansvar vil bli vektlagt.
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig, strukturert og nøyaktig, og vere fleksibel med tanke på arbeidsoppgåver.
  • Du likar å jobbe i tverrfaglege team
  • Interesse for fagutvikling, kvalitets- og forbetringsarbeid er ein føresetnad.
  • Du er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Konkurransedyktig pensjonsordning
  • Triveleg arbeidsmiljø og eit fagområde og laboratorium under utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Kontaktinfo 

  • Funksjonsleiar Trine Cecilie Bertelsen, mobil 406 14 738
  • Kst. seksjonsleiar Anne Mari Hagen, mobil 976 11 287

Søknadsfrist: 16. desember 2018

Annonse på webcruiter

Søk på stillingen