Fagbioingeniør Helse Møre og Romsdal

Tilbake til ledige stillinger

Fagbioingeniør Helse Møre og Romsdal

Varighet:
Fast
Sted:
Ålesund
Søknadsfrist:
01.05.2020

Fagbioingeniør hematologi og koagulasjon
Medisinsk biokjemi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Avdeling for medisinsk biokjemi er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei fire sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi Ålesund har 55 stillingar og om lag 66 tilsette.
Seksjonen består av fagområda hematologi og koagulasjon, service med preanalyse og PNA, automasjon med pre/post-analyse, klinisk kjemi og immunkjemi, protein/allergi og blodbank/transfusjonsmedisin.

Vi har ledig 100 % fast stilling som fagbioingeniør for hematologi og koagulasjon frå 01.09.2020.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Fagansvarlig bioingeniør med ansvar for den daglege drifta ved fagområdet
  • Opplæring og oppdatering av tilsette og rettleiing av studentar
  • Samarbeide med leiinga og medisinskfagleg/laboratoriefagleg rådgivar i utvikling og val av metodar og utstyr
  • Bidra til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling, mellom anna arbeid med prosedyrar, kvalitetskontrollar og avvik
  • Innkjøp av reagens og rekvisita
  • Fagbioingeniør deltek i det daglege arbeidet ved seksjonen

Kontakt seksjonsleiar for meir informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Fagleg kunnskap innan hematologi/koagulasjon, statistikk og kvalitetsarbeid
  • Relevant vidareutdanning vil verte vektlagt
  • Relevant IT-kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Stor arbeidskapasitet
  • Gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Ansvarsbevisst, strukturert og engasjert
  • Vere personleg eigna

Vi tilbyr

  • Eit godt og hektisk arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Ansvar for eit fagområde i rask utvikling
  • Godt fagleg samarbeid internt i avdelinga i Helse Møre og Romsdal og med relevante fagmiljø i sjukehuset
  • Løn etter gjeldande overeinskomst

Kontaktinformasjon

  • Seksjonsleder Marie Nora Roald, mobil 41570968

Les annonsen på webcruit.no

Søk på stillingen

Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.

Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal