Fast og ferievikariat, Labklinikken, Helse Bergen
- Varighet:
- Fast og ferievikariat
- Sted:
- Helse Bergen
- Søknadsfrist:
- 06.12.2024
Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken
Laboratorieklinikken, Helse Bergen
Laboratorieklinikken treng fleire dyktige og engasjerte bioingeniørar! Vi søker etter deg som ønsker fast fulltidsjobb i våre laboratorium. Vi søker også etter deg som ønsker å jobbe i sommarferien og i deltidsstilling ved sidan av studiar.
Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorieanalysar i Noreg. Laboratorieklinikken tilbyr eit breitt spekter av analysar innan ulike
fagområde. I tillegg til analytisk verksemd, tilbyr laboratoria rettleiing for bruk av analysar og tolking av analysesvar. Bioingeniørar utgjer den største faggruppa i laboratoria. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår og vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
Laboratoria i Laboratorieklinikken har behov for bioingeniørar/bioingeniørstudentar no, til sommaren og vidare utover hausten i 2025.
Dette er ei felles annonse for:
- Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), inkl. Hormonlaboratoriet og tilhøyrande satellittseksjonar:
- MBF-Glasblokkene
- Laboratoriet på Voss sjukehus (MBF-Voss)
- Laboratoriet på Kysthospitalet i Hagevik (MBF-KIH)
- Mikrobiologisk avdeling (MIA)
- Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT)
- Avdeling for patologi (PAT)
- Avdeling for medisinsk genetikk (MGM)
- Seksjon for kreftgenomikk (SKG)
- Biobank Haukeland (BBH)
På MBF, MIA, PAT og AIT er det turnusarbeid.
Vi håper du kan tenke deg å arbeide hos oss i Laboratorieklinikken. Dersom du har eit ønske om kva for eit laboratorium du helst vil arbeide ved, kan du skrive dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Alle bioingeniørar/bioingeniørstudentar må vanlegvis delta i blodprøvetaking
- Den som blir tilsett må pårekna både analytiske og preanalytiske oppgåver
Kvalifikasjonar
- Fordel med relevant erfaring
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- For faste stillingar er det krav om norsk autorisasjon som bioingeniør
Personlege eigenskapar
- Påliteleg og arbeidsam
- Kunne arbeide i team
- Ha god fagleg vurderingsevne og arbeide strukturert og målretta
- Vere sjølvstendig, konstruktiv og fleksibel
- Like varierte utfordringar
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Johanne Lind Aasen, Ass. klinikkdirektør, Telefon: 952 42 927
Søk på stillingene
Se annonsen på webcruiter.no
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.