Ferievikarer 2020, Helse Fonna

Tilbake til ledige stillinger

Ferievikarer 2020, Helse Fonna

Varighet:
Vikariater
Sted:
Haugesund
Søknadsfrist:
02.02.2020

Bioingeniør/student - Ferievikar 2020 - Haugesund
Seksjon laboratoriemedisin, Helse Fonna HF

Helse Fonna treng dyktige sommarvikarar ved Laboratorium for medisinsk biokjemi, Medisinsk mikrobiologi og Immunologi og transfusjonsmedisin - Blodbanken, Haugesund sjukehus.

Vikariata er på dagtid. Ønska periode er frå og med 08.06.2020 t.o.m 20.08 2020 evt. lenger. Dei som kan jobbe samanhengande i denne perioden vil bli prioritert. Dersom du ikkje ønskjer å arbeide heile perioden, må du oppgi ønska arbeidsperiode i søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • For Laboratorium for Medisinsk Biokjemi: Blodprøvetaking og andre laboratorierelaterte oppgåver
  • For Laboratorium for immunologi og transfusjonsmedisin: Oppgåvene vil vere tapping av blodgivarar og blodprøvetaking.
  • For Medisinsk mikrobiologi: Oppgåvene vil være utsæd av prøvar og andre laboratorierelaterte oppgåver. Blodprøvetaking

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon/eller student.
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse.
  • For medisinsk biokjemi: Erfaring og praksis innan laboratoriearbeid er ønskjeleg. 
  • For immunologi og transfusjonsmedisin: Erfaring og praksis innan transfusjonsmedisin er ønskjeleg.
  • For Medisinsk Mikrobiologi: Erfaring og praksis innan medisinsk mikrobiologi er ønskjeleg.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og effektivt
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Kontaktinformasjon

  • Funksjonsleiar ved medisinsk biokjemi; Vibeke Hinderlid-Wilkins, tlf. 52732225
  • Kst. seksjonsleiarAnne Mari Hagen, mobil 976 11 287
  • Funksjonsleiar ved medisinsk mikrobiologi; Trine Cecilie Bertelsen, mobil 40614738
  • Funksjonsleder ved Immunologi og transfusjonsmedisin; Svein Morten Lervik, tlf. 52732228

Les annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.