Seksjonsleiar / overbioingeniør

Tilbake til ledige stillinger

Seksjonsleiar / overbioingeniør

Helse Bergen logo
Varighet:
Fast
Sted:
Haukeland universitets-sjukehus
Søknadsfrist:
24.09.2017

Seksjonsleiar/ overbioingeniør - Mikrobiologisk avdeling

Helse Bergen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12 000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800 000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller Facebook.

Mikrobiologisk avdeling er ei laboratorieavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Med sine om lag 100 tilsette er avdelinga eit av dei største mikrobiologiske laboratoria i landet. Avdelinga tar i mot prøver frå pasientar i sjukehus og frå primærhelsetenesta. Vi gjer vårt beste for at mikrobiologiske prøver vert analysert raskt og med god kvalitet. Avdelinga er akkreditert etter ISO 15189.

Molekylærbiologisk seksjon er ein av 3 diagnostiske seksjonar ved avdelinga, og seksjonen utfører i hovudsak PCR-analyser på arvemateriale frå bakteriar, virus, parasittar og sopp. Seksjonen har ein stor og moderne instrumentpark som stadig vert utvida og eit analyserepertoar som er stort og aukande. Det skjer mykje spennande utviklingsarbeid ved seksjonen, mellom anna ved massiv paralellsekvensering (NGS). Det meste av analysearbeidet skjer på dagtid, men det vert og utført analysearbeid i helgar og på kveldstid for å sikre at analyseresultata vert tilgjengeleg for rekvirent raskast mogeleg. Mange av seksjonens tilsette tek del i vaktordninga.

Molekylærbiologiske metodar er svært viktig innan medisinsk mikrobiologi, og det vil skje mye nytt framover. Vi er på jakt etter deg som kan tenke deg å leie ein seksjon med mange kompetente medarbeidarar innan eit fagfelt i rask utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Leiaransvar for seksjonen
  • Ha ansvar for at seksjonen vert drive med god fagleg kvalitet i samsvar med avdelinga sitt behov
  • Utføre personaladministrative oppgåver
  • Utarbeide og følgje opp budsjett
  • Innkjøpsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør med relevant erfaring
  • Fordel med leiarerfaring og utdanning
  • Fordel med relevant mastergrad
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Utdanningsretning

  • Bioingeniørfag
  • Utdanningstittel: Bioingeniør

Utdanningsnivå

  • Høgskule / universitet, hovudfag / mastergrad
  • Profesjonsstudium

Personlege eigenskapar

  • Leiareigenskapar
  • Sjølvstedig og løysingsorientert
  • Pådrivar
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon
  • Serviceinnstilt; kunne arbeide i team

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinfo:

Jorunn Nygård, sjefsbioingeniør, tlf: 55 97 57 89

Søknadsfrist: 24. september 2017

Fullstendig annonse på webcruiter.no

Søk på stillinga

Bioingeniør i lederstilling? Din neste ansatte finner du ved å annonsere hos oss!

Over 90% av bioingeniørene leser Bioingeniøren. Vi presenterer stillingsannonser på papir, nettsiden og i sosiale medier. De beste kandidatene er kanskje ikke på aktiv jobbjakt. Hos oss treffer du også denne gruppen.

Se hva vi kan tilby!