Seksjonsleiar Helse Førde

Tilbake til ledige stillinger

Seksjonsleiar Helse Førde

Varighet:
Fast
Sted:
Førde
Søknadsfrist:
24.02.2020

Seksjonsleiar
Mikrobiologisk avdeling, Helse Førde

Mikrobiologisk avdeling har berre ein seksjon (Mikrobiologisk laboratorium), med tre einingar; serologisk, bakteriologisk og molekylærbiologisk.

Avdelinga har totalt 24 tilsette,3 overlegar, 18 bioingeniørar/ avdelingsingeniørar og 3 sekretærar.

Vi er akkrediterte etter NS-EN ISO 15189.

Avdelingssjef er seksjonsleiar sin næraste overordna.

Ved eventuelt internt opprykk kan det bli ledig anna stilling som bioingeniør i avdelinga. Dersom du er interessert, skriv du dette i søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsleiar har det daglege driftsansvaret for seksjonen
  • Seksjonleiar skal styre og utvikle seksjonen innanfor fag-, økonomi- og personalområdet
  • Seksjonsleiar er stedfortredar for avdelingssjef

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør eller anna relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå
  • Fordel med erfaring frå medisinsk laboratorium
  • Erfaring/utdanning innan leiiing vil bli vektlagt
  • God IT kunnskap er ønskeleg
  • Må meistre norsk for skriftleg og munnleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert og fleksibel
  • Evne til å motivere medarbeidarar til utvikling og endring

Vi tilbyr

  • Utfordringar og ansvarsfulle oppgåver
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Det vil vere overlapping, i ein periode, mellom noverande seksjonsleiar og den nytilsette, dersom tilsetjing skjer før sommaren
  • Sjukehuset vil kunne hjelpe til med å skaffe bustad

Kontaktinformasjon

  • Avdelingssjef Reidar Hjetland, tlf. 578 39349
  • Seksjonsleiar Torill Aarø, tlf. 578 31554

Les annonsen på webcruiter.no

Søk på stillingen

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.