Ei mystisk fortynna prøve

Bildet viser fargeforskjellen på EDTA-rør tatt ved første og andre prøvesett.

Prøvesvaret

Ei mystisk fortynna prøve

Ein septemberdag i 2019 gjekk ein av våre rutinerte bioingeniørar i mottak og tok blodprøve av ein ny pasient. Ho reagerte med ein gong prøverøra fylte seg opp. Prøven virka fortynna. 

Publisert

Endret

Av MONICA HOVDENAKK ENGESET, fagbioingeniør preanalyse, Medisinsk biokjemi Volda, Avdeling for medisinsk biokjemi, Helse Møre og Romsdal HF

Prøvetaker konfererte med ansvarleg sjukepleiar som kunne informere om at pasienten hadde ingen venflonar, ingen tilkoplingar, hadde ikkje fått noko av mottak og det var heller ikkje rapportert at pasienten hadde fått noko i ambulansen. Mannen, som kom inn som kirurgisk pasient, verka å vere i fin form, hadde fin farge, og ga ikkje uttrykk for smerter. 

Tilbake på laboratoriet var bioingeniøren like forvirra. Det vart mykje diskusjon fram og tilbake. Første tanken var om prøven var fortynna? Verka armen ødematøs? Nei. Verka armen unormal? Nei. Var pasienten veldig dårleg? Nei. Og prøvetakinga var tilsynelatande heilt vanleg.

Sentrifugert EDTA-rør frå første prøvesett.

Av rein nysgjerrigheit valte vi å analysere prøven på Sysmex utan pasientkobling. Prøven viste at det nesten ikkje var celler å måle på. Hb var 0,9!

Serumrøret ville ikkje koagulere. Det vart aspirert opp frå serumrør og analysert på blodgassinstrumentet. Det rare var at denne ikkje viste teikn til fortynning, elektrolyttar var tilnærma normale, men Hb var for lav til å analyserast.

Ein annan bioingeniør gjekk for å ta nye prøver. Dei vart tatt i motsett arm, dei såg normale ut og det var også alle analyseresultata. Serumrør og EDTA til «Type & Screen» frå første prøvesettet vart no sentrifugert. Verken plasma eller serum var hemolysert. Verdiar frå det sentrifugerte serum gelrøret ga også tilnærma normale resultat. Vi sirkulerte litt rundt tanken på lymfevæske.

Etter nokre dagar fekk vi sjekka litt rundt pasienten. Han hadde på den aktuelle dagen løfta ei veldig tung dør då det plutseleg small kraftig i høgre arm. Epikrisa sa kraftige smerter i albogeregionen på høgre arm og diagnosa vart Biceps ruptur.
Det første prøvesettet var tatt i høgre arm. Som nemnt over var det ingenting som tilsa at pasienten hadde smerter i høgre arm ved prøvetaking.

Resultatet frå hematologisk analyseinstrument frå første prøvesett.

Vi fekk tips om å sende mysteriet vidare til BFIs Rådgivende utvalg for preanalyse, pasientnær analysering og selvtesting (RUPPAS). Plutseleg eskalerte vår mystiske prøve. Gjennom RUPPAS-nettverket har prøven blitt diskutert fleire stadar:

En lege har uttalt: «Prøven inneholder ikke blod. Men ødemsvæske med blodtilblanding. Det var jo et «adekvat traume» i samme område som prøven ble forsøkt tatt, og det kan jo ha vært en kraftig hevelse med utsiving av blodtilblandet væske. Andre prøver tyder på at pasienten ellers er frisk».

Ei legegruppe ha uttalt: «Vi kom frem til at det mest sannsynlige er at det har blitt et hematom i forbindelse med rupturen som har koagulert og det har dannet seg et hulrom med «serum» inne i armen på pasienten. Det hadde derfor vært veldig interessant å målt fibrinogen og koagulasjonsfaktorer i et plasmarør fra pasienten, men det er sikkert for sent. Det forklarer også at serum ikke ville koagulere for det var allerede serum i glasset».

Viser også til tidlegare publisert artikkel i Bioingeniøren, «En uløst gåte – kan noen hjelpe oss?» (Bioingeniøren 9 2018). Kan det vere litt av same mysteriet?

Mange spørsmål dukkar opp i samband med denne prøven. Kor ofte skjer dette? Dersom ikkje tilblandinga hadde vore like kraftig som i dette tilfellet, kan det vere at pasientar hadde blitt feilbehandla?

Vi har ingen fasit på prøva. Alt prøvemateriale vart kasta etter eit par dagar på benken på laboratoriet.

Vi ser i ettertid at det som kunne virke som ei rar lita sak, har skapt stort engasjement og mange spørsmål. Det var spennande å få fleire teoriar på kva dette kunne vere. Sidan vi ikkje får ein eksakt fasit, får nok dette forbli ei «mystisk prøve». Det kan også vere ei læringshistorie om at ingen spørsmål er for små eller for rare.

Stikkord:

Blodprøver, Blodprøvetaking, Hematologi